|
"Os vidaregåande skule skal vere ein samarbeidande og lærande skule"
Os vidaregåande skule ligg idyllisk til ved Ulvenvatnet i Os kommune, 30 km sør for Bergen (sjå kart).
Skulen blei starta 9.9. 1981 som Os Yrkesskule og hadde då 9 klassar.
For skoleåret 2011/12 har vi 32 klassar med omlag 480 elevplassar.
Os vgs er i hovudsak ein yrkesfagleg skole med tilbod innan desse utdanningsprogramma:
*Bygg- og anleggsteknikk *Elektrofag *Helse- og sosialfag *Service og samferdsel *Teknikk og industriell produksjon
I tillegg har vi tilbod innan:
*Allmennfagleg påbygging *Kvardags- og arbeidslivstrening i små grupper.
På skulen har vi eit godt miljø med ein god tone mellom elevar og lærarar.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko.
____________________________________
Kontaktinformasjon: Postadresse: Kolskogheiane 14, 5200 OS Telefon: +47 56 56 56 00 Telefaks: +47 56 56 56 40 Elektronisk post til skolen: Post.osv@hfk.no |